Mi Sangre – Forutsigbar latinsk superstjerne

Mi Sangre – Forutsigbar latinsk superstjerne

Juanes er superstjerne i Sør-Amerika. Han har vunne 12 latinske Grammy-prisar, og har også blitt kåra til ein av dei 100 mest innflytelsesrike personar i verda. Kanskje på høg tid at Noreg får augo opp for fyren?

Tja. Ein del av materialet er definitivt fengande, og kan lett gli inn på eitkvart dansegolv. Likevel vert det heile gjentakande og monotont. Alle tekstane er på spansk, eit språk mange her ikkje forstår. Om ein i tillegg ikkje er veldig begeistra for sør-amerikansk pop, a la Ricky Martin eller Shakira, finn eit europeisk øyre ikkje noko særleg nytt i Juanes.

Det er lett å gli inn i ein tankelaus tilstand når ein høyrer på Juanes. Den enkle gitarbaserte popen gjer til tider svært lite ut av seg. Nokre lyspunkt fins det likevel. Songane Nada Valgo sin tu amor, Aname, og La Camisa Negra (stor hit i Tyskland, Austerrike, Italia og Sveits), held alle grei kvalitet. Den sentimentale gitarsoloen på Rosario Tijeras kunne like så godt vore spelt av sjølvaste Santana, medan soloen på Que pasa minnar om Kirk Hammett, i ein del lavare gir enn elles. Er du ein stor fan av Sør-amerikanske poprytmer er dette ei plate for deg. Viss ikkje, styr unna.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.