Scroll To Top

Programet for Bergenfest er klart

Nyheter 14. februar 2006
Artister: Sjangre:

Foto: Promo

Iggy & The Stooges skal spele i Bergenshallen fredag 5.mai. Dette er deira einaste noregsbesøk i 2006. Kaizers Orchestra har sagt ja til å varme opp for pønkinnovatørane.

DumDum Boys spelar i Teatergarasjen onsdag, 3.mai. Dei er aktuelle singelen Enhjørning og det påfølgande albumet. Satyricon spelar også i Teatergarasjen, men på lørdag, 6.mai. Dei vert av mange karakterisert som Noregs fremste metallband.

Frå før av er begge konsertane med countrylegenda Bobby Bare utselde. Bare er aktuell i Noreg med samleplata Uforglemmelige Klassikere, og det nye studioalbumet The Moon Was Blue.

Artistar som Good Time Charlie, Aamund Maarud, The Soundtrack Of Our Lives, og Marit Larsen er også klare for Bergenfest. Heile programmet for Bergenfest finn du på deira heimeside.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer