Scroll To Top

Elleve bitar klare for turné

Intervjuer 19. februar 2006
Artister: Sjangre: , ,

Foto: Promo

– Vi er særs nøgde med det nye albumet. Det er reinare, på ein måte. Lydbiletet er mindre prega av støy. Der vi før hadde meir fuzz, har vi no meir harmoni, forklarar låtskrivar og gitarist Frode Johannesen.
– Likevel er vi nøgd med alt vi har laga før og, skyt trommeslagar Gaute Johannesen inn. – Vi har vel meir utvikla oss i tråd med musikken elles.

Bandet har hausta gode anmeldingar for både singel og album (terningkast fem i Panorama, red.anm.), men den store kommersielle suksessen har uteblitt. Dei trur det nye albumet vil gjere det betre, men nektar for at dette har vore ei drivkraft i fornyinga av musikken.
– Nei, musikken vert annleis ubevisst. Vi tenkjer ikkje på det når vi speler, seier Frode.

Nesten filmmusikk
Dei vil sjølve karakterisere musikken som art-pop, med meir ”fiksfaks” enn mykje anna musikk.
– For oss er heilheita viktigast. Det skal vere ei plate du kan setje på, og ta husvasken medan du høyrer på. Ein hoppar ikkje mellom låtane i denne plata, fordi dei alle heng saman, forklarar Gaute
– Det meste byggjer seg rundt song nummer tre, Teardropper, som vi er veldig nøgde med, legg Frode til.

– Det er jo nesten filmmusikk det vi lagar, seier trommeslagar og perkusjonist Chris Hansen. Han byrja å spele med bandet etter den siste plata, Michele, I Love You, frå 2002. Med å ha to trommeslagarar får dei meir trøkk live, i tillegg til at dei kan gjere meir avanserte rytmemønster ved å dele på oppgåvene.

– Coveret passar for øvrig bra til musikken vår, seier Chris. – Tittelen speler på kjærleikssorg. Då gjeld det på ein måte å starte på nytt att. Det er jo det ein gjer kvar morgon etter ei natt med søvn, ikkje sant.

Ser fram til turne
– Konsertar tar vi litt i rykk og napp, seier Frode. – Det er liksom så tungt å forberede seg til det, det er så mykje å øve på. Difor tar vi fleire konsertar over kortare tid. Bandet gler seg til noregsturnéen dei no skal ut på.
– Vi speler i storbyane i Noreg Og, ja, i Bø i Telemark, i den grad ein kan kalle det ein storby. Ler bassist Michael Vince.

Turnéen startar på Blå i Oslo, torsdag, 23.februar.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer