Abbey Road – Solid farvel

Abbey Road – Solid farvel

Nedturen starta 27.august 1967. Manager Brian Epstein tok sjølvmord, og John, George, Paul og Ringo visste overhovudet ikkje kva dei skulle ta seg til. Det heile enda i ein obskur film. Magical Mystery Tour var det første The Beatles gav ut som ikkje vart rost opp i skyene. I ettertid har Ringo Starr hevda at dette var ein lettande oppleving. Før dette var dei evige vinnarar, og kvar einaste singel dei hadde gjeve ut, vart sendt rett til topps. Magical Mystery Tour sendte dei på mange måtar tilbake til ”scratch”.

Ein anna konsekvens av sjølvmordet til Epstein, var at Paul McCartney tok ansvaret. Han var redd for at dei skulle skli ifrå kvarandre, og meinte løysinga var å jobbe så mykje som mogleg. Dette kolliderte med dei andre sine haldningar. John Lennon møtte Yoko Ono i 1966, skilte seg frå Cynthia, og vart meir og meir oppslukt av Ono. George fekk nesten ikkje med nokon av komposisjonane sine på plate, og Ringo følte seg heilt utafor heile gjengen.

Dobbeltalbumet The Beatles (også kalla The White Album), frå 1968, vart ein stor suksess for The Beatles, med klassikarar som Back In The USSR., While My Guitar Gently Weeps, og Blackbird. Dei hadde likevel store interne problem. I byrjinga av arbeidet hadde Ringo sett seg lei av å vente timevis i studio på at dei andre tre skulle møte opp. I tillegg visste han aldri om dei trengte han, eller om han var overflødig.

Ringo slutta ein av dei første dagane under innspelinga. Han ringte til kvar av medlemma, der han forklarte at han følte seg utafor. Han fekk det same svaret av alle tre: ”- Eg trudde det var EG som var utafor!” Dette seier ikkje så reint lite om det usikre forholdet dei byrja å få til kvarandre. Før dette kom ut, byrja Ringo igjen, til stor begeistring frå dei andre medlemma (dei første songane på albumet, blant anna Back In The USSR., vart spelt inn utan Ringo). Her spelar dei tre andre trommer parallelt.

Det siste albumet The Beatles gav ut var Let It Be, men dette vart i realiteten spelt inn før Abbey Road. På dette nest siste albumet, eksperimenterte dei med å byggje studio i ein slags låve. Det skulle føre dei nærare saman, i fylgje McCartney. Resultatet var forferdeleg. Det at eit filmteam tok opp alt dei gjorde for å lage dokumentar, gjorde ikkje situasjonen noko betre. På desse opptaka kan ein blant anna sjå at McCartney hakkar på ein solo Harrison speler, noko som får det til å tippe over for stjernegitaristen.

Opptaka vart avbrotne, og dei gjekk kvar til sitt. George Martin, mannen som hadde produsert alt The Beatles hadde laga, ringte rundt til dei fire gutane, og sa han syntes det vart for dumt om tidenes største band skulle gi seg med noko slikt. Dei vart alle einige om at dei ville lage noko skikkeleg. Eit verdig punktum.

Dette forandra stemninga i gruppa. Harrison har i etterkant sagt at det at dei visste at dette var det siste albumet til The Beatles, gjorde dei meir avslappa. Dei slapp å tenkje på framtida.

Med det var likevel ikkje feidane over. John Lennon oppfatta seg sjølv og Yoko Ono som eitt, nokon som måtte vere saman heile tida. Dei andre reagerte naturleg nok på dette, at ho blanda seg inn i innspelinga utan at ho eingong vart presentert for dei.

Plateomslaget på Abbey Road er nesten like kjend som innhaldet på plata, og har vert gjenstand for mykje spekulering og kopiering opp gjennom åra. På slutten av sekstitalet vart det sagt at Paul McCartney var død, og at dei hadde leigd inn ein dobbeltgjengar. Dei same sa også at det var difor dei byrja å krangle, den nye mannen passa ikkje inn (det var til og med folk som hevda Ringo var den einaste som nokonsinne hadde eksistert – dei andre var medieskapte!). Coveret kasta ild på bålet til spekulantane.

Paul går barbeint. Dette er eit teikn på død. I tillegg held han røyken i høgre handa, då alle veit at McCartney er venstrehendt. John Lennon går med kvite klede. Han er kledd som prest i gravferda. Ringo Starr går med klede som ein kyrkjetenar, medan George Harrison er kledd som sørgande sivil.

Bak gjengen er det parkert ein bil med skiltet ”28 IF”. Dette var symbolet for at Paul ville vore 28 år i 1969 – om han hadde vore i live. Problemet med denne teorien er sjølvsagt at Paul ikkje ville vore 28, men 27, på denne tida. Mange vart skremd av teoriane ein stund, men få trudde hardnakka på dei. I dag vil dei fleste avgrense det til ei god historie.

Den symbolikken som er heilt klar på coveret, er at The Beatles er på veg vekk frå studioet. I Abbey Road låg studioet deira, og på plateomslaget kryssar dei vegen Abbey Road for å markere at dette er det siste dei lagar.

Plata opnar med Lennon sin, diskuterbart, beste komposisjon nokonsinne, Come Together. Songen er ein demonstrasjon på at samarbeidet mellom McCartney og Lennon framleis glimta til. Bassgongen til McCartney er det som bærer heile låta fram.

Opningsstrofa, “Here come old flattop, he come groovin’ up slowly” henta Lennon frå Chuck Berry-låta You Can’t Catch Me. Han ville gjere stas på sin gamle helt. Problemet var at han ikkje hadde fått klarert dette med plateselskapet til Berry, og manageren hans gjekk til sak mot Lennon, for å plagiere låta. Businessmannen Lennon ordna det likevel på snedig vis. Han hadde allereie planar om å spele inn ei plate med låtar frå femtitalet, blant anna You Can’t Catch Me. Ein del av inntektene frå denne plata gjekk til dei som sat på rettigheitane til Berry sine låtar, og Lennon slapp unna rettssak.

Lennon var sjølv irritert over dei lettfattelige og inkjeseiande komposisjonane til McCartney. Maxwell’s Silver Hammer er eit typisk døme på låtar han hata. Kritikken var likevel på mange måtar litt urettferdig. Ringo laga songen Octopus’s Garden, som kan seiast enda meir lettfatteleg. Denne reagerte ikkje Lennon på.

Når det kjem til enkle komposisjonar, hadde ikkje John så mykje han skulle sagt på denne plata. I Want You, varer i godt over sju minutt, men lyrisk inneheld ho berre variantar av denne strofa: ”I want you, I want you so bad, it’s driving me mad”. Likevel vert det ikkje keisamt. Kvifor? Fordi du verkeleg KJENNER at Lennon meiner det han syng. Ein utruleg fengande melodi, og eit skjebnetungt arrangement gjer også til at ein lyttar intenst gjennom heile låta, fram til ho brått kuttar av.

George Harrison glitra på denne plata, både med treffande soloar og kanskje hans beste låtar nokonsinne.

Ei av dei kom eigentleg til som ein motreaksjon på gruppa. Ein vårdag i 1969 skulle alle fire møtes saman med advokatar og rådgivarar for å diskutere framtida til The Beatles. Harrison var lei av desse møta, og reiste heller på besøk til bestekompisen Eric Clapton. Det var ein av dei første solskinnsdagane i England den våren, og dei satte seg ute i hagen til Clapton med kvar sin gitar. Ut av ein enkel D-akkord byrja Harrison å leike, samtidig som han sang det han tenkte: ”Here Comes The Sun – ”and I say, it’s all right”.

Songen kan tolkast på fleire måtar. Ein kan heilt enkelt seie at dette er ein hyllest til våren, men ein kan også sjå Harrison sitt syn på oppslittinga til gruppa. Snøen smeltar, det verkar som det er år sidan det har vert klart. George følte seg nok ganske innestengt som gitarist i bandet, og lengta etter å vere fri og frank. Han uttrykkjer samtidig ikkje at han er bitter; låta har ein positivt lada stemning.

Songen Something, er ei inderleg kjærleikslåt til kona. Låta er skriven medan Harrison endå ikkje visste at hans beste ven Clapton også var forelska i kona hans, og at han seinare ville kapre ho frå han. Harrison signerer låta med si spesielle, litt naive, stemme, og ein sleip, men tydeleg gitarsolo. Dette var også første gong ei Harrison-låt vart brukt som A-side på ein Beatles-singel.
Something, saman med Here Comes The Sun, var glimrande utgongspunkt for den vidare solokarriera til Harrison.

Der første halvdel av Abbey Road har mange svært gode låtar, har andre halvdel berre eitt par stykk. Til gjengjeld ER det i realiteten berre i eit par songar på den andre sida. Mange melodiar og musikalske uttrykk er fletta inn i kvarandre. Det som verkeleg kastar oss inn i medleyen, er den vakre McCartney-låta You Never Give Me Your Money.

Denne låta flyttar seg berre lengre og lengre frå utgongspunktet, fleire og fleire instrument kjem med, nye melodiar dominerar, låta berre flyt vidare, via forteljinga om Mean Mr.Mustard, søstera hans Polythene Pam og She Came In Through The Bathroom Window, før Golden Slumbers dreg ned tempoet igjen. Allsong-eksplosjonen kjem i Carry That Weight.

Her kjenner ein verkeleg heilskap i medleyen, då melodien frå You Never Give Me Your Money kjem igjen. «The Long One» vert avslutta av The End, med dei legendariske orda: ”And in the end / The love you take is equal to the love you make”.

Og så er plata ferdig. Skulle ein tru. Tjue sekund etter slutten kjem den lille McCartney-visa Her Majesty. Og DÅ er det ubønhørleg slutt. Heilt til du berre MÅ høyre Come Together igjen…

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.