Arrangør-tull øydela nesten for Jethro

Arrangør-tull øydela nesten for Jethro

(Vardhallen, Haugesund – laurdag 8.april 2006)
Foto: Promo

Jethro Tull er bandet frå syttitalet som aldri fekk den same statusen, og ikkje har blitt formidla vidare i generasjonar, slik som Deep Purple og Led Zeppelin. Til det var dei litt for sære, eller litt for lite likt av kritikarane. Gledelig var det nok for bandet på laurdag, å sjå at fleire unge likevel var møtt opp for å sjå dei.

Lett å like
Jethro Tull-konsert. Bandet, leia av fløytist, gitarist og vokalist Ian Anderson, stod for ein utruleg energi og innleving, ofte med heilt nye arrangement til låtane.

Passande nok opna konserten med den første songen på den første plata, My Sunday Feeling, frå 1967. Dette nummeret vart likevel øydelagt for mange, då dørene opna seint, og mange måtte bytte ut festivalpass frå den avlyste fredagen. Svakt av arrangørane

Bandet holdt seg vidare til slutten av seksti- og byrjinga av syttitalet, med Cross-Eyed Mary og Thick as a Brick. Etter dette ropte ein eldre herre ”Rock&Roll!”. Anderson svarte ”Du liker Rock&Roll, ja? Da vil du hate denne neste songen.” Forutsigbare har dei aldri likt å vore. Likevel hata nok ikkje folk den neste låta, den instrumentale Boris Dancing. Faktisk var det eitt av høgdepunkta.

Nytt liv i Aqualung
Bouree var omarrangert og svært spennande, medan Up To Me, Hymn 43 og Mother Goose blåste nytt liv i klassikaralbumet Aqualung, frå 1971. Den episke Budapest viste styrke frå dei nyare verka deira, og fekk garantert etablert nye fans i salen.

Då bandet mot slutten drog i gong A New Day Yesterday, var det liten tvil om deira kapasitet som hardrockerar. Eit nesten ugjenkjenneleg riff, med den kraftige stemma til Ian Anderson oppå. Bandet gjekk av til stor, men litt skuffa applaus. Publikum hadde nok håpa på fleire låtar.

Fornøyd, men ikke forsynt
Kort etter opna keyboardist Andrew Giddings klassikaren Locomotive Breath. Resten av bandet kom inn, og denne siste låta levde opp til forventningane: Skarp, rytmisk, og med ein fløytesolo av høg klasse. Bandet takka for seg, og publikum var nøgde, men ikkje heilt mette. Det som var spist, var dessutan ein smule misfarga av dårleg festivalleiing.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.