Evig Liv – OK Cowboys

Evig Liv – OK Cowboys

Magnus Grønneberg har i forkant av plateslippet prata om fokuset på plata. Han meiner det ligg i å jage ein stemning, og halde den gjennom heile prosessen. Dette har CC Cowboys klart med Evig Liv. Roleg tempo og melankolske tonar, saman med enkle, men eksistensielle, tekstar. Dei tre første låtane på plata, tittellåta, Kom igjen og Spillemann, er eksempel på dette, i sin mest vellukka form.

Den dystre stemninga kan nok bassist Per Vestaby og trommis Agne Sæther ta æra for. Deira lågfrekvente, nesten skitne lyd, legg ramma for Grønneberg sine betraktningar.

Det å skrive på norsk er alltid ein utfordring. Ein slepp ikkje unna om ein ikkje klarar å formulere seg skikkeleg. Problemet til Grønneberg er at han til tider sliter med å unngå dei verste tekstmessige banalitetar. Helt OK og Er det ikke sprøtt blir til tider pinleg svulvstig. Til gjengjeld tar Dèja Vu og Fritt Fall meir tak i norske øyrer enn nokon engelsk tekst.

Melodiane treffer nok eit stort norsk publikum. Likevel uteblir den store kreative spruten, og altfor mange låtar går forbi med eit lett trekk på skuldrane.

Evig Liv fengar og imponerer verkeleg i relativt korte periodar. Diverre er dei svake låtane såpass uinteressante, at det øydelegg for heilskapsinntrykket.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.