Scroll To Top

Death Magnetic – Tøft men defensivt

Plater 22. oktober 2008
Artister: Sjangre: , ,
Karakter

That Was Just Your Life opnar plata med eit seigt tritonus-basert tema. Snart kastar skarpe, smellande trommer seg inn, saman med så tunge gitarar som berre Metallica kan få. Endeleg er dei tilbake! Alt er som det skal; herlege ufortsigbare rytmeskifte, doble basstrommer, og overraskande oppfinnsomme og friske gitarriff.

Om dei som er over sin pubertale periode med macho identssøking, igjen kan overbevise seg sjølv om at Hetfields repetetive skrik «We die hard! We die hard!» ER tøft, og ikkje pinleg, så blir også tekstane fengande. Men er Metallicas tidlegare store styrke, vakker variasjon med gode melodiar, framleis tilstades?

Nokre låter har utvilsomt fantastiske augeblikk. The End Of The Line er fascinerande rytmisk, og fenger frå første stund. Den nesten ti minutter lange instrumentallåta Suicide & Redemption går nesten klassikaren Orion frå Master Of Puppets-plata ei høg gong, og blir nesten aldri langdryg. Den beste låta er likevel kanskje All Nightmare Long, i alle høve når den endeleg kjem skikkeleg i gong, etter nærare to minuttar.

For låtane er i overkant lange Eit problem med nye utgjevnader til så store band som Metallica, er kanskje at egoet til tider tar over der den kritiske kniven eigentleg skulle skjert gjennom. At dei fleste låter har ei speletid på mellom sju og åtte minutt, treng ikkje bety at kreativiteten har bobla over: namn på turnèar dei siste åra («Sick of The Studio-Tour») har til dømes gitt indikasjon på noko ganske anna.

Metallica har alltid hatt noko heilt spesielt over seg. Gjennom ei turbulent karriere, har dei aldri heilt gitt slepp på sin magiske kombinasjon av fengande låter og aggressiv arrangering – nærast
som ei rettferdiggjering av den enorme populariteten. La det vere klart: den magien er ikkje vekke på Death Magnetic. Men Metallica har også, som akk så mange andre 80-tals metalband
valt ein tryggare veg med denne plata. For det skal trass alt St. Anger frå 2003 – trass all kritikk – ha: ho representerte noko nytt. Å «finne tilbake til 80-talsformen» kan høyres bra ut for band ein ikkje forventar å ha eit større register å spele på, men frå Hetfield/Ulrich
bør ein tillate seg å håpe på noko meir offensivt.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer