Prospekt’s March – Fortsatt på frammarsj

Prospekt’s March – Fortsatt på frammarsj

Det verker som standard prosedyre for band så store som Coldplay å gjere publikum svoltne ved å vente eit par år mellom kvar utgiving. Det er difor tiltalande når London-bandet uttrykker ein slik boblande kreativitet at åtte nye låtar berre må ut allereie no. Låtane er nok restar frå Viva la Vida, men syner seg sterke for ein eigen ep.

Opningslåta, den episke Life in Technicolor II er umiddelbart fengande, og viser flott dynamikk i bandet. Det same gjer Glass of Water, som eksploderar i eit vakkert refreng over 7/8-dels takt. Tøft!

Irritasjonsmomentet på Prospekt’s March er radiohiten Lost+, med Jay-Z som gjesteartist. Dette verker for meg som eit pinleg forsøk på å sikre seg speletid i kraft av artistanes status, då sjølve låta er for svak. Ekstra irriterande er denne låta fordi ho set dei andre på plata i skuggen.

For dette er inga grunnlaus utgjeving; dei fleste låtane sit som eit skot.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.