In My Bones – Ikkje feitt nok

In My Bones – Ikkje feitt nok

Fatboy har vorte nominert til den svenske Grammisen, og blir hylla i den svenske pressa for sin konvergens av ulike musikalske stilartar.

Rett nok er det små dosar klezmer og gresk bouzouki å spore i musikken, men i mine øyrer høyres det ut som heile In My Bones stort sett er smidd over den same stilen: Rockabilly, rockabilly og atter rockabilly.

Nokre låtar skil seg definitivt ut på plata. Opningslåta, singelen Way Down Low, har eit sprudlande og tøft refreng, Busy Bee er upbeat og livsglad, men det største hødepunktet på In My Bones er tittellåta, ein sentimental og rørande ballade. Problemet er at resten av låtane kan verke som mindre vellukka alternative versjonar av dei tre nemnte. Formelen blir forutsigbar, og plata blir noko trøyttande i lengden.

Vokalist Thomas Pareigis har ei sjelfull røyst, sjølv om det skortar noko på engelskuttalen. Bandet sit tight bak, og lyden minnar noko om deira norske ekvivalentar Good Time Charlie. Det er ingen tvil om at bandets kvasse og fengande lyd vil gi eit godt inntrykk på deira by:Larm-konsertar på Gamla og i Daglabet-teltet i februar. I platesamanheng blir Fatboys diverre likevel litt for keisame, og In My Bones blir aldri heilt den store opplevinga.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.