Scroll To Top

Humbug – Tungsindige apekattar

Plater 22. januar 2010
Karakter

Whatever People Say I Am, That’s What I’m Not frå 2006 har blitt ståande som ein moderne klassikar og var ein framragande debut for Sheffield-bandet. Raske riff til vakre melodiar og treffande tekstar v art kombinasjon som viste bandets særeigenheiter. Dette vart delvis gjenskapt på oppfølgaren Favorite Worst Nightmare, men på kvartettens tredje plate er enkelte ting annleis. Riffa har fått ekstra tyngde, og blir såleis seigare enn tidlegare. Melodiane følger på, og har eit meir melankolsk preg. Tekstane derimot, står seg som like vittige og like treffande som tidlegare.

Opningssporet My Propeller syner fleire sider av Arctic Monkeys briljans. Den lett humoristiske, pubertale teksten med dårleg skjult symbolikk («My propeller won’t spin, and I can’t get it started on my own!») kolliderar herleg med den dystre melodien og dei tunge gitarane. Den mest betydningsfulle elementet for at låta når opp til tidlegare hitar, er imidlertid Matt Helders fantasifulle trommestil. Takka vere hans markeringar ser ein levande for seg vokalist Alex Turners frustrasjon over solostart på propellen.

Helders tromming hevar i det heile albumet opp eit ekstra hakk. Den bakoverlente Dance Little Liar gir sterke gåsehudfornemmingar, då trommene virvlar refrenget fram som eit lokomotiv. Samspelet fungerar også framifrå på den balladeprega Secret Door, eit av få nummer bassist Nick o’Malley speler linjer som verkeleg skil seg ut. Elles står han fram som ein bleikare utgåve av tidlegare bassist Andy Nicholson.

Førstesingelen Crying Lightning er ein vakker og tung låt, og representerer plata godt. Den lettare Cornerstone er noko irriterande enkel i verset, men har, som alle Arctic Monkeys-låter, eit parti i låta som veg opp for det middelmådige. Det tøffaste instrumentale partiet på plata kjem på den skitne Potion Approaching då ei rask takt gradvis slakkar ned til halvt tempo, for så å hoppe opp att. Stemma til Turner er for øvrig like makelaus gjennom heile Humbug som ho har vore på tidlegare utgjevnader.

Humbug viser at Arctic Monkeys framleis produserer gode låter. Dei fleste av desse treng likevel nokre fleire gjennomlyttingar enn det som var tilfelle på dei to første albuma. Enkelte parti er briljante, og ingen av albumets ti låtar er under middels. Men om bandet nokon gong kan gjenskape det trøkket dei genererte i byrjinga av karrieren, er heller usikkert.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer