Let Us Be Jolly And Drown Melancholy – Jovialt og kraftfullt

Let Us Be Jolly And Drown Melancholy – Jovialt og kraftfullt

På konsertar skapar koret ein autentisk stemning med å ikkje bruke mikrofonar og å oppfordre publikum til å syngje med. Ein utfordring er då å gjenskape denne stemninga i studio.

Dette klarar dei med eit enkelt lydbilete, beståande av a capella og nokre nøye uttenkte mandolin-, gitar- og fløytetonar. Innslag av kjetting gjer det heile endå meir autentisk.

I følge dei sjølve er det å vidareføre tradisjons-, og folkemusikk ein viktig drivkraft. Mykje minnar om irsk folkemusikk, den joviale The Bonnie Ship The Diamond og drikkevisa Whisky Johnny/Reuben Ranzo kan samanliknast med folkemusikk vi har høyrt frå The Chieftans eller The Dubliners før. Men det er også innslag av norsk folkemusikk, avslutningsvisa Santjanna gir sterke assosiasjonar til norske folketonar. Vekslinga mellom det melankolske og det joviale gir ein spennande dynamikk som held plata frå å bli kjedeleg.

Sjantimannen Håkon Vatle har hatt hyre på seglbåt sidan 1997, og burde vere eit kompetent vitne for stemninga på sjøen. Om du ikkje vervar deg til sjømannslivet etter å ha høyrt denne plata, vil du i alle fall kjenne musikken gynge i fleire dagar.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.