Den første låta, The Sky Is The Limit dundrar avgårde med riff i velkjend We-stil. Ralph Myerz sitt bidrag er også tydeleg. Perkusjonen i bakgrunnen driv låta framover, og skapar den velkjende dynamikken bandet er kjende for.
Songen er opnebart fengande og interessant, men blir etterkvart litt sjølvdestruktiv. Refrenget er nok det svakaste punktet i songen, og det er difor synd at det gjentek seg sjølv så mykje på slutten. Songen er svært radiovennleg, men kunne blitt meir spennande om dei ikkje hadde valt slike enkle løysingar.
Dei to neste songane, Deepred og My Private Night er begge typiske Ralph Myerz-låtar. Spenstig rytmeskifte, drivande perkusjon, og nesten hypnotisk vokal. Låtane demonstrerer potensialet bandet har, både saman med We og åleine.
Den siste låta, 7 AM, er signert We åleine, og er verkeleg ei oppvising i deira breie spekter. Låta er roleg, med vokalar i harmoni mellom Thomas Fedberg og Chris Goss. Høgdepunktet i låta er likevel soloen til gitarist Andreas Kirkvaag. Den har ei valdsam kraft, til trass det rolege tempoet, og lyttaren assosierer fort til Black Sabbath si Planet Caravan, takka vere denne soloen.
Det er inga tvil om at potensialet i banda er svært stort, både åleine og saman. Likevel treng dei nok meir samkøyring før dette kan bli det heilt store.
Rock-vokalist gir ut barnesang. Siri Stray er en norsk sanger og låtskriver fra Østlandet. Hun…
Dalien er en norsk rapper som har sin egen stil. Det er ikke old school…
Fetter Tom har spilt inn filmmusikk med hjelp fra TNT-gitarist Ronni Le Tekrø. Forrige gang…
Hun har gitt ut sitt første soloalbum, og har ett til på vei. Hun har…
Amelie Aldner er en svensk artist bosatt i Norge. Med sin klare og kraftige stemme…
Simon Moholt fra Oslo holder det nede med old school rap på norsk. Hans EP,…