Iron Maiden til Bergen og Oslo?
Fansida til Iron Maiden, maidenfans.com, hevdar i dag at heavy metal-bandet er klare for Vestlandshallen, og Vallhall i november. Billettar vil i så fall bli lagt ut for sal i mars.
Om dette er tilfellet, vil det truleg vere ein del av ein promoturne før det nye albumet, som skal vere ferdig til årsskiftet. Iron Maiden var sist i Noreg i fjor sommar, då dei spelte i Oslo Spektrum. Konserten vart så fort utseld, at dei måtte setje opp ekstrakonsert. Bassist Steve Harris uttrykte då at han helst ville spele for eit større publikum.
Dagleg leiar i Vestlandshallen, Odd B. Hansen, korkje avkreftar eller bekreftar ryktet, men henviser til Bergenfest sine nettsider, for informasjon i framtida.
Bergen har allereie sikra seg verdsartistar som The Rolling Stones og Deep Purple til sommaren, og vil med dette fullføre eit legendarisk konsertår for byen.





