Categories: Nyheter

Live-DVD frå Madrugada

Foto: Marius Stensland

– 2005 var eit svært spesielt år for oss. Det at DVDen vart teken opp på slutten av eit sånt år, gjer det heile meir spesielt, seier gitarist Robert Burås.

Bandet blei i januar belønna med fleire Spellemannsprisar, blant anna for albumet The Deep End, og singelen Lift Me, i samarbeid med Ane Brun. Albumet Live At Trafalmador, har seld 120 000 kopiar, som har gitt dei trippel platina.

Noregsturneen startar 24. februar i Kirkenes, og vert avslutta i Oslo 1. april. For kvar plass dei skal spele, skal dei også ha ei ny lokal gjestesongerinne, som syng den nemnte Lift Me saman med vokalist Sivert Høyem

– Vi har allereie mange gode alternativ frå ulike stader, men vi har ikkje bestemt oss for nokon endå. Det blir ei ny dame kvar kveld! ler Høyem. Åtti prosent av billettane til turneen er allereie utseld.

Autentisk Live-materiale
Bandet har nettopp etablert seg i nytt studio, men har ikkje byrja å spele inn materiale endå.
– Vi har mange idear. Mykje nytt og spennande. Men vi jobbar svært aktivt med å fornye oss, vi vil ikkje lage ein kopi av The Deep End, seier Burås.

Mannen bak opptaka på den nye DVD-en, David Bianca, er same mannen som stod for redigeringa av Kiss si liveplate, Alive 2, frå 1977. Den gongen følte mange seg snytt då det kom fram at mykje frå plata seinare vart overdubba i studio. Madrugada påpeiker likevel at dette ikkje er tilfellet med dei.
– For å vere heilt ærleg, har vi lagt på ein ”shaker” eit par plassar, men resten er ekte konsertlyd, slår bassist Frode Jacobsen fast.

Jonas Dræge

Recent Posts

Holder det nede med rap på norsk

Simon Moholt fra Oslo holder det nede med old school rap på norsk. Hans EP,…

3 måneder ago

Her er de beste albumene fra 2023

Hun har vunnet en drøss med priser, samarbeidet med alt fra Röyksopp til Timbuktu, og…

4 måneder ago

De beste reutgivelsene i 2023

Musikkbransjen fortsettet å pumpe ut reutgivelser på vinyl. Plateconnaisseur og Panorama-grunnlegger Paul A. Nordal viser…

4 måneder ago

Her er våre musikkfavoritter fra 2023

Hvilke album likte du best i 2023? Vi stilte dette spørsmålet til våre gode venner.…

5 måneder ago

Hyller Hammersland

Dagen før ettårsdagen for Pogo Pops-legendens bortgang, samles en bukett med kjente artister på USF…

5 måneder ago

Her er de beste albumene fra 2022

Året er omme og fasiten er inne. Her er de beste albumene fra 2022, ifølge…

1 år ago