Psykedelisk lidenskap

Psykedelisk lidenskap

Foto: Promo

– Vi prøver å ta ting frå alle mulige sjangrar og tidsepokar, utan å setje bandet i bås. Med ein gong ein nemner band man er inspirert av, blir det einfoldig. Vi vil utvikle vår eigen musikk, inspirert av mange band, utan å ha ei bestemt linje.

Dei høyrer på ulike typar musikk, men meiner dei ser etter det samme i musikken dei høyrer på. Sjølv vil dei ikkje bli satt i nokon bås sjangermessig, men meiner psykedelisk rock er ein god karakteristikk
– Psykedelia er tvetydig på mange måtar, ikkje sant? Du har den der LSD-psykedeliaen. Rusen, liksom. Men du har og den musikalske delen. Og den musikalske psykedeliaen kan bety indre kaos, på mange måtar. Det meiner vi passer veldig bra til oss, og vår musikk, seier trommeslagarChristian Næss.

Atmosfære i studio
Dei byrja først å jamme i 1999. Då vokalist Tarjei Lund Øvrelid vart med i 2003, intensiverte dei øvingane, og vart betre og betre. Då dei skulle spele inn musikk i studio for første gong, var dei usikre på korleis dei skulle overføre den gode live-stemninga på plate.
– Når du spelar live, misser du kjensla av tid og rom etterkvart. Du glir inn i ei transe. Vi var redde for at dette ikkje skulle skje i studio, og at det kunne bli litt platt, seier Christian.

Dei fortel at produsent Kai Andersen hjalp dei mykje med dette.
– Kai stoppa oss der det var absolutt naudsynt å gjere noko om igjen. Elles lot han oss helde på, jamme oss fram til ein god struktur på låtane, medgir gitarist Amund Pedersen..
– Ja, han lot oss gli inn i den transen Christian snakka om, seier Tarjei.
– Der du gløymer alt anna. Og då speler det ingen rolle om du står med headset i eit studio eller ikkje. Nokre gonger er det nok å dempe belysninga og tenne nokre stearinlys, for å kome inn i den riktige ”modusen”.

– Låtane på plata er tidvis svært ulike, båe i musikksjanger og lydbilete. Er de ikkje redd for å misse ein del av heilskapen med dette?
– Nei. Dette heng mykje saman med det å ikkje bli tvunge inn i ein sjanger. Vi ser potensialet i låtane kvar for seg, utan å bli opphengt i korleis bandet vårt ”skal vere”, meiner Christian.
– Dessutan trur vi at dei fem som speler i bandet er det som skal til for å skape heilskap i plata. Så lenge vi speler det som er naturleg for oss, er det også riktig for slik vi vil vere, skyt Åmund inn.

Christian meiner følelse i musikken er mykje viktigare enn det tekniske. Det verste han veit er folk som er teknisk flinke, utan å ha noko særleg meir:
– Er Dream Theater eit band du vil plassere innanfor den karakteristikken?
– Definitivt! Typisk band som ikkje har noko særleg meir. Dette er noko eg irriterer meg sterkt over. Eg tenkjer ikkje mykje på teknikk når eg speler trommer. Det skal passe inn, ikkje sant. Det skal bli god musikk. Show-off er heilt forferdeleg.

– Trommesoloar er altså ikkje noko du er glad i?
– Det spørs i kva musikalse samanheng ein plasserer dei. Eg syns jo John Bonham var heilt rå, til dømes. Det spørs om det er for å fremje musikken, eller for å fremje person, ikkje sant.

Konsertar over heile landet
Freeshine har tidlegare prøvd seg i Storbritannia. Turneen var svært lærerik, men alt var ikkje som dei hadde trudd likevel:
– Ein har ein romantisk framstilling av ”rockens heimland”, ikkje sant? Vi tenkte at det fantes utruleg mange gode garasjeband, og mykje spennande. Men då vi kom dit såg vi at dei som ikkje hadde store plateselskap i ryggen, nesten måtte betale for å spele. Det var skuffande å sjå slikt, seier Christian.

– Og dei var utruleg utolmodige, avbryt Amund:
– Det var ein halvtime, og så drog dei ut kablane, liksom. Men vi møtte mange interessante menneskje, og lærte utvilsomt mykje.

– Kva med konsertar i Noreg?
– Vi har hatt fleire konsertar i Midt-Noreg, og litt på Vestlandet. I mars skal vi til Nord-Noreg for første gong, og då er heile landet dekka. Det gler vi oss til.

– Vi speler alle plassar vi har sjanse til å spele. Du kan liksom ikkje undervurdere nokon, seier Christian.
– Om du speler ein plass der nesten alle misliker deg, men eit par stykk syns du er ålreit, er det nok for oss. I Ålesund skjedde det faktisk. Vi så godt som tømte eit lokale med ein gong, men nokre få likte oss, og anbefalte oss til ein annan plass, med eit meir passande publikum.

Genuinitet viktig
Bandet nektar å kompromisse med sjangrar for å passe inn i ei breiare målgruppe. Dei meinar også at det er bra å ikkje bli store på feil grunnlag:
– Du observerar dårlegare om du sjølv blir observert. Med ein gong du kompromisser med sjangrar for å tilpasse noko eller nokon, blir det ikkje ekte lenger, fortel Christian.

– For øvrig er det veldig fint å vere band i Oslo. Det er liksom ingen verkeleg storby, så du blir ikkje oppslukt av omgjevnadane. Du blir midt mellom barken og veden på ein måte, avsluttar trommeslagaren.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.