Stort, akustisk smell

Stort, akustisk smell

(Sentrum Scene, Oslo – torsdag 16. februar 2006)
Foto: Knut Neerland

Fotograf: Knut NeerlandDet var noko annleis over konserten i går. Jentene var kledd finare, praten gjek rolegare for seg, ja, stemninga var i det heile tatt i balanse. Men så vert lysa dempa, og Øystein Greni kjem gåande inn på scena. Jubelen står i taket medan han ikler seg ein av dei fem akustiske gitarane, og stemmar han. Så byrjar han å spele. Nokon prøver å klappe takta. Øystein byrjar å synge. Det blir heilt stille i salen

Total makt
Det var stort sett sånn det var igår. BigBang hadde total makt over publikum. Og viktigare: Dei tok utruleg godt vare på denne makta. Den heilakustiske opninga med Frontside Rock’n’Roll set standarden. Heaven And Stars Above inkluderar trommis Olaf Olsen, og vikarierande bassist/pianist Nikolai Eilertsen, begge på maracas. Heile bandet smiler, sjølvsikkerheiten brer seg.

Bandet held den naudsynte roleg/trøkk-dynamikken i akustiske gitarar, piano, bass og trommer gjennom songar som Head Over Heels og Looking Good From A Distance, begge frå 2005-albumet Poetic Terrorism.

Fotograf: Knut NeerlandBigBang har stadig bytta medlemmar, og det kan sannelig sjå ut som det er tilfellet nok ein gong. Bassist Erik Tresselt har visstnok blitt så flink til å spele badminton(!), at han ikkje kan vere med på turne lenger. Vikar, og tidlegare medlem Eilertsen viste seg i alle fall tilliten verdig, ikkje minst på låta Smiling For, der han briljerte med ein akustisk gitarsolo av svært høg kvalitet.

Vill jubel
Allsongfaktoren stig med taktfaste versjonar av Wild Bird, Saturn Freeway og Not A Rolling Stone, før bandet går av scena. Jubelen er så vill som den kan få blitt i Fotograf: Knut Neerlandein sal med berre sitjeplassar. Ekstranummer, med låtar der Greni speler trommer, og Olsen speler bass, høyrer med, før bandet igjen forsvinn ut att.

Jubelen stig til enorme proposjonar. Nok ein gong kjem dei inn att. Alle tre samlar seg rundt mikrofonen, og framfører Can’t Find My Way Home, med ein vokalharmoni Simon & Garfunkel ville vore stolte av.

BigBang er i mine auge Noregs versjon av Creedence Clearwater Revival. Ein låtskrivar av dimensjonar, med tilsvarande kvalitet på stemma. Eit band med stort musikalsk spekter. Og ikkje minst: Ein utruleg karisma.

På torsdag holdt det til gull.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.