Scroll To Top

Roger Waters til Norwegian Wood

Nyheter 13. februar 2006

Foto: Promo

Britiske Roger Waters er førstemann ut, og skal spele onsdag 14. juni, den ekstra dagen festivalen har sett opp. Han skal framføre heile albumet The Dark Side Of The Moon, som har solgt godt over 40 millionar eksemplarar, og som av mange vert rekna som tidenes beste rockalbum. I tillegg framfører han andre Pink Floyd-klassikarar. Waters var også i Noreg i 2002, men då med eit heilt anna repertoar.

Nokre usikre moment er det likevel. Festivalleiinga venter på svar frå Bydel Frogner, men reknar med at det skal gå greitt.

Metal på fredagen
Årets festival har musikk for fleire enn nostalgikarar. Nu-metal-musikarane i Korn er også klare for festivalen, saman med hardrockarane i Deftones. Begge desse skal spele på fredag 16.juni, som vert rekna som ungdomsdagen. Dei må då prøve å følge opp System Of A Down-konserten ifjor.

Billettsalet startar laurdag 18.februar.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer