XO – Ein annleis trubadur

XO – Ein annleis trubadur

Nyheita om at Smith i 2003 vart tvungen til å ta farvel for godt, slo ned som ei bombe. I tida opp mot dødsfallet hadde Elliott Smith for fyrste gong på årevis lykkast i å vere heilt fri for rus. Til og med raudt kjøtt, koffein og sukker blei nedprioritert til fordel for ein iMac, nye produksjonsmogelegheiter og eit nytt syn på livet. Det varte eit par månader, før han i ein oppheita krangel med sin dåverande kjære to gonger stakk seg sjølv i brystet med ein kjøkkenkniv.

XO var Smiths fyrste utgiving på eit ikkje-uavhengig plateselskap og sjeldan er det viktigare å gjera eit bra inntrykk. Noko av «indietruverdet» hans gjekk nok tapt ein stad mellom Kill Rock Stars (tidlegare plateselskap) og Dreamworks (dåverande plateselskap, eid av Steven Spielberg), men det var heller ikkje det som held Smith vaken om natta.

Albumet blei kritikarrost og Smith blei nominert til ein Oscar då Gus Van Sant brukte musikken hans i Good Will Hunting, så det heile gjekk heldigvis greitt. Smith opptrådde også på Oscarutdelinga i ein flott kvit dress, likevel fekk han mye kommentarar på at han hadde gløymd å vaske håret på nokre dagar.

Sjølv om tekstane ofte er kryptiske og kan opplevast som utilgjengelege, så blei arrangementa ofte samanlikna med The Beatles sine. Det er vel eit greitt stempel å få på seg om ein skal måtte ha eit.

Elliott Smith var ein moderne trubadur av vår tid, ikkje ein kopi som mange av sine kollegaer, han var annleis. Første låt er ei vakker vise med Smiths akustiske gitar i sentrum. Namnet er Sweet Adeline og det er ein dyster låt som sluttar med tekstlinja «Waiting for sedation to disconnect my head / Or any situation where I’m better off then dead». Denne dualismen – at han ikkje ønska å døy, men ikkje elska å vera i livet heller – blei ein fast følgjesvein for Elliott Smith, i hans arbeid og hans liv.

Everybody Cares, Everybody Understand er ein ironisk tittel på ei låt som handlar om å få fred frå alle som skal forstå, hjelpe og bry seg. «You say you mean well, you don’t know what you mean / Fucking ought to stay the hell away from things you know nothing about» er klar tale frå ein sliten og knekt mann som livet aldri blei lett for.

Ein alkoholikar si drikkevise kan ein kanskje kalle Baby Britain, med lystig melodi og herlege tangentar frå multiinstrumentalisten Elliott blir det eit høgdepunkt. På Pitseleh føler han at han ikkje strekk til i forhold til, enda ei kjensle Smith skulle slite med heilt til slutt.

Kanskje desse kjenslene stammar frå ei mor som aldri gav guten sin kjærleik nok, tittellåten Waltz #2 (XO) skapar eit bilete av ei kald mor og ein upopulær stefar. Han tar siste stikket og lar «I’m never gonna know you now / But I’m gonna love you anyhow» bli mantraet om ein skal leite etter noe slikt.

Elliott Smith var ein sjuk mann heilt til slutten. Han hadde kanskje runda eit hjørne då han gjekk bort, men det er kanskje nærliggjande å tru at det fanst arr han aldri ville bli kvitt. XO gir noko innsikt i hans turbulente liv og skapar ein mystikk man umogleg kan etterlikne. Han var ein moderne trubadur som fortapte seg sjølv i musikken og aldri fann vegen tilbake.

Stian Pride

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.