Scroll To Top

Off With Their Heads – Hovudlaust som hovudtema

Plater 4. desember 2008
Karakter

Kaiser Chiefs får mykje tid på radio, og blir viden anerkjent for sin erkebritiske arbeiderklassestil, og deira fengande allsongrefreng. Off With Their Heads sviktar ikkje på dette punktet, noko førstesingelen Never Miss A Beat er eit bevis på. Men dette er diverre ikkje nok til å gjere musikken interessant i lengda.

Never Miss A Beat ber preg av ein svakheit som er gjennomgåande i mange av Kaiser Chiefs sine låtar: tekstane er fullstendig banale.
I enkelte tilfeller gir denne banaliteten utslag i sjarmerande naive refreng, som på Addicted to Drugs – for øvrig eit av dei beste
spora på plata. Men stort sett blir rima nesten latterleg forutsigbare.

Melodiane skrik ofte også av manglande inspirasjon: ein gjennomgåande svakheit på alle tre platene til Kaiser Chiefs. Eit hederleg unntak er nemnte Addicted To Drugs og Tomato In The Rain.

Men potensialet ligg latent hjå Kaiser Chiefs: Lydbiletet er friskt, og låtarrangeringa er ofte svært stilig. Om berre låtskrivinga hevar seg nokre hakk, kan Leeds-bandet gi ut ein ekte klassikar i framtida.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer