Legendariske besøk i vintermørkret

Legendariske besøk i vintermørkret

Foto: Promo

– Målgruppa for festivalen er folk som sjølve har opplevd 70-talet. Men samstundes håpar vi at dei tar med seg ungane sine, og at vi på den måten får innslag frå yngre generasjonar også, seier Sten Olav Helgeland, Administrerande leiar i Festival Event. Han trur den kultstatusen hovudbanda har, vil dra mange forskjellige typer mennekskje.

Ikkje annanrangs
Frontfigurane i The Doors og Thin Lizzy, Jim Morrison og Phil Lynott er begge døde for lengst. Helgeland avviser likevel at festivalen bærer preg av annanrangs materiale.
– Dette er jo svært dyktige artistar, sjølv om frontfigurane ikkje lenger er der. Det er legendariske musikarar alle saman, og eg trur interessa for å sjå dei vil vere stor. The Doors har jo aldri vore i Noreg før heller, legg han til.

I tillegg til dei legendariske stjernene, har det også vorte plass til lokale band, som Matpackers, og White Willow. Dei er valgt av økonomiske og kulturelle grunnar.
– Vi ville ha lokale band som kunne dra fleire folk frå nærområdet, i tillegg til at desse var billege å få med. Jethro Tull har godkjend begge to, sjølv om musikken er ganske annleis.

Godt finansielt
Han reknar med at det vil gå bra finansielt, mykje på grunn av at konsertane er satt på ulike plassar.
– Det var sjølvsagt diskusjonar i prisen med banda, men eg meiner personleg at vi kom ut på eit akseptabelt nivå. Det at vi arrangerer festivalen på to plassar, gjer at vi kan tillate oss litt meir utgifter, då fleire folk vil sjå artistane. Men det førte også til at vi måtte flytte tidspunktet for festivalen. Sjansen for flykanselleringar og liknande var større i februar, då vi eigentleg ville arrangere. Difor flytta vi den til eit litt meir sikkert tidspunkt, avsluttar den administrerande leiaren.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.