Josefin Winther – Lovande Winther-stemning

Josefin Winther – Lovande Winther-stemning

Det er ingen tvil om at Josefin Winther er eit stort talent. Hennar særprega stemme kan heve sjølv den mest forutsigbare og kjedelege låt. Men det blir aldri aktuelt her. Ho er nemleg minst like flink til å skrive låtane, som ho er til å synge dei.

I Realize I Don´t Stand A Chance Against You har ein svært fengande melodi, som vert godt understreka av bandet. Deira dynamikk gjer låta spennande heile vegen, skjønt vokalen kjem best fram på dei rolege partia. The Dazzling Times Back When er både fengande og interessant. Felles for låtane til Winther er at dei tek tak i lyttaren frå første sekund, og verkeleg tviheld på dette grepet gjennom heile låta.

Den beste låta på EPen er truleg Exlusive Occasions. Ein svært fengande melodi, understreka av kraftfull og god backing. Her kjem verkeleg også vokalen til sin fulle rett. På det tunge mellomspelet ligg ein svært passande vreng på stemma til Winther. Tøft!

Mykje tyder på at albumet, som kjem på nyåret, blir noko å glede seg til. Problemet hennar kan bli å variere nok over ei heil plate. Det problemet har ho uansett ikkje på denne EPen.

Jonas Dræge

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.