Scroll To Top

Ny plate fra The Beatles

Nyheter 4. oktober 2006
Artister: Sjangre: ,

Sir Paul McCartney og Ringo Starr, har sjølv spurt den legendariske Beatles-produsenten om å mikse materialet. Utgivinga tar utgongspunkt i Cirque Du Soleil si forestilling i Las Vegas, der akrobatar tolkar The Beatles.

Heile arkivet brukt
George Harrison kom med ideen til sceneshowet i 1999, to år før han døydde av kreft. Harrison var nær venn av grunnleggaren av Cirque Du Soleil, Guy Laliberte.

Sir George Martin har saman med sonen, Giles, gått gjennom heile det store arkivet med uutgitt Beatlesmateriale, for å lage Love. Målet er å gi ei ny, og komprimert oppleving av den musikalske spennvidda The Beatles leverte. Både McCartney og Starr skal ha fulgt prosessen nøye.

Om skribenten

Jonas Dræge

kommentarer