Fin Fyr/Idiot – Finn ein annan fyr

Æ er til dagleg medlem i bandet Schtimm. Saman med Trond Tømmerberg på trommer, og Are Simonsen på gitarar og diverse, har han spelt inn denne låta, som også skal vere å finne på det komande albumet Voksenløvsinn.
Låta er relativt enkelt arrangert, og har noko seigt, slepande over seg. Diverre er melodien ganske kjedeleg, jamnt over. Æ har ei god stemme, men utan den heilt store låta blir det heile relativt platt. Refrenget er relativt fengande, om enn på ein ikkje særleg forfriskande måte.