Fin Fyr/Idiot – Finn ein annan fyr
ArtistÆ
UtgivelseFin Fyr/Idiot
Utgivelsesår2008

2/6
Artisten Æ kallar seg ein Kari Bremnes på steroider. Bremnes går openbart ei trist framtid i møte om ho nokon gong skulle bli kjønsforvirra. Fin Fyr/Idiot er forsmaken på eit album ein ikkje treng knytte store forventningar til.
Æ er til dagleg medlem i bandet Schtimm. Saman med Trond Tømmerberg på trommer, og Are Simonsen på gitarar og diverse, har han spelt inn denne låta, som også skal vere å finne på det komande albumet Voksenløvsinn.
Låta er relativt enkelt arrangert, og har noko seigt, slepande over seg. Diverre er melodien ganske kjedeleg, jamnt over. Æ har ei god stemme, men utan den heilt store låta blir det heile relativt platt. Refrenget er relativt fengande, om enn på ein ikkje særleg forfriskande måte.






